Gunnveig Nerol
11.03 – 26.03.2023
Tegning Maleri Tresnitt Keramikk
Gunnveig Nerol sitt kunstnarlege arbeid spenner over fleire teknikkar og uttrykksformer. Ho finn det spennande å utforske nye materialer og mogelegheiter. Bakgrunnen for dette er i hennar kunstutdanning der ein var innom mange uttrykksformer og i utsmykkingsoppdrag der ho har hatt ulike oppdrag i glasmåleri. Ho leitar etter overgangar og mogelegheiter for utviding av sitt biletarbeid.

Kunstneren forteller litt om utstillinga:
Frå landskapet
I måleriet brukar eg fargane som byggesteinar. Dei fortel i samanstillingar, overmålingar, sjikt og lag om konkrete utgangspunkt. Kanskje fleire på ein gong. Landskapet er likevel til stades.
Å bera stein til fjellet
La blyanten reise kring ei gamal forteljing om eit evighetsarbeid – Sisyfos. Ein lykkeleg mann med sin stein. Kanskje. Bratte fjell og røyser er vorte klatra over og oppover i århundrar. Ein skulle bu ein stad. Å streve seg oppover og nedover, for så å byrje på att, det gjer me kanskje alle, på ulike måtar.
Keramikk
Vasane er bygd opp med pølseteknikk og brent 3 gonger, siste gong med porselensmåling som farge. Skåler og fat i steingods er forma over gipsformer og bearbeid. Penselbruk frå måleri er teke over i lag og uttrykk på formene.
Omtankar
Bileta er byrja som tegning, der farge i fleire sjikt og lag er lagt over. Å balansere i eit ope rom, der me ikkje sikkert veit kva som er framom oss, er ein menneskeleg situasjon. Rommet me leitar oss fram i kan verke rasjonelt, men brått snur alt uventa.
Rapsodi
Tresnitt med fleire plater i ulike samanstillingar. Utforminga er utdrag frå måleri, sett saman til nye komposisjonar.


Gunnveig Nerol. Foto: Oddvar Reinton

Gunnveig Nerol. Vase leirgods med underglasur. Høgde 27 cm 2022
UTDANNING
Gunnveig Nerol har si utdanning frå både inn og utland, og har gjennom fleire studiereiser og arbeidsopphald undersøkt tema som er viktige for hennar kunstnarskap. Grunnutdanning 2 år ved Kunstskulen i Kabelvåg, etter 4 år ved Vestlandets kunstakademi reiste ho til Japan og Kyoto City College of Fine Arts for 2 år med Japansk statsstipend. I Japan fann ho interesse for landskapshagar. Etter eit semester ved Staedelschule i Frankfurt,Tyskland tok ho mellomfag i kunsthistorie med ei oppgåve om Italienske renessansehagar. Ved sidan av kunstnarleg arbeid har ho undervist ved kunstfagskular i Bergen og Ålesund og hatt fleire prosjektoppdrag med formidling.
UTSTILLINGAR
Sidan fyrste separatutstillinga i 1987 har ho jamnleg halde separatutstillingar og delteke på nasjonale og regionale gruppeutstillingar. Nerol har hatt fleire utstillingar i Hallingdal. I 2022 er ho invitert til åpningsutstillinga ved det nye Nasjonalmuseet i Oslo.
SERIAR
Måleri, tegning, glasmåleri, tresnitt og no seinare keramikk. Visuelle overgangar som bind dei ulike materialuttrykka saman kan vera utdrag frå eit måleri som blir teke opp att i tresnitt eller keramikk. I glasmåleria har dei fleste arbeida utgangspunkt i måleri eller tegning. Materiala gir både rammer og moglegheiter. Nerol arbeider i seriar, det vil seie ho arbeider samstundes med fleire bilete som har ein relasjon seg i mellom. Ein serie med bilete kan vera undersøkingar av eit tema. Eller dei uttrykker refleksjonar over erfaringar. Bileta er for Nerol ein stad å fortelje og reflektere i. Det konkrete kan bli utforma abstrakt og det abstrakte kan lesast konkret. Titlane er opne, den som ser kan finne sine assosiasjonar. I biletarbeid set ein saman ulike element for å skape romlege uttrykk. I Nerol sine bilete ynskjer ho å utvide kjensla av rom til å vera paralellt både eit indre og eit ytre rom. Noko me kjenner og noko større det kjende er ein del av. I seriane er kvart bilete eitt verk. Seriane viser variasjonar men og ulike innfallsvinklar til ei problemstilling. Den kan og vise til hendingar som skjer i mellomrommet mellom bileta i serien.
FARGANE
Bileta stiller ofte saman kontrastfyllte element, som både motseier og samtaler med kvarandre. Biletuttrykket hennar er bygd opp av fleire lag som overlappar og har transparens. Ho legg på og tek vekk i arbeidsprosessen. I måleri er fargane sin romskapande verknad ein del av uttrykket. Fargane er med å bygge biletrommet. Det å stemme fargar, finne den rette nyansen som kling saman med heilskapen er interessant, og fargen kan sjå annleis ut på paletten enn når den blir sett inn i heilskapen på biletflaten.
DEN SOM SER
Nerol ønsker arbeida hennar skal uttrykke fleire relative samanhangar. Dei kan verke bestemte og tydelege, men samstundes opne og mangetydige. Kompleksitet gir fleire mogelegheiter for oppdagingar. Ho ønsker den som ser skal bygge sitt bilete, og på den måten vera med i den skapande prosessen.
Sjå heimeside: https://nerolglass.com/wp eller ta kontakt for eit besøk på verkstaden ved Hovet Næringssenter.